Elkraftingeniør
Norsk Hydro · NO
Har du utdanning innan elkraft og ynskjer å bli ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø? Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i K...
Job description
Har du utdanning innan elkraft og ynskjer å bli ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø?: Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. Ved full drift har verket eit effektforbruk på 350 MW som blir distribuert til elektrolyse og dei ulike delfabrikkane på verket. Ansvar for dette vert handtert av avdeling for straumforsyning. Kva tilbyr me? Me har eit venleg og inkluderande arbeidsmiljø, der me ser og oppmuntrar kvarandre. Du får utfordrande arbeidsoppgåver i ein variert arbeidskvardag, saman med dedikerte og fagleg dyktige kollegaer. Hydro er ein leiande aktør innan aluminiumsproduksjon, med gode betingelsar og moglegheiter for karriereutvikling. Kva skal du gjere? Vår avdeling handterer drift og vedlikehald av, samt gjennomføring av prosjekt i forsyningsanlegget for høgspenning til verket. Stillinga er ei viktig brikk...