JobMesh

Ung dame i Volda søkjer medarbeidsleiar i BPA-ordning

JAG Assistanse AS · Volda, Møre Og Romsdal, NO

Eg er ei ung dame på 30 år som søkjer etter ein medarbeidsleiar. Eg er ei sjølvstendig dame som treng ein engasjert og flink person som likar å ta ansvar og...

Job description

Eg er ei ung dame på 30 år som søkjer etter ein medarbeidsleiar. Eg er ei sjølvstendig dame som treng ein engasjert og flink person som likar å ta ansvar og følge opp både praktiske og personlege oppgåver. Eg bur i eigen bustad og assistansen vil vere i og utanfor heimen. Eg er på jobb på dagtid. Eg er ei aktiv dame som likar å vere i aktivitet. Turgåing i nærområdet, men også fjellturar er noko eg likar veldig godt. Eg likar og å besøke vennar, pc/mobil, spele kort/brettspel. Det er fint om du delar nokon av desse interessene med meg. Eg har epilepsi og treng tilsyn og tryggheit i kvardagen, i tillegg til at eg også treng rolege stundar. Arbeidstider - Kl.15.00-22.00 - Kl.22.00-08.15 på kvardagar og 22.00-08.00 i helger (kvilande nattevakter) - Kl.08.00-22.00 (langvakter laurdag og søndag) Ledig stilling - Fast 100% stilling frå 01.06.2026. Arbeidsoppgåver: Som medarbeidsleiar vil du også ha daglege assistentoppgåver som husarbeid og assistere når brukar skal ut på ulike avtaler og arrangement. Meir utfyllande om assistentoppgåvene vert gitt ved intervju. - Bistå ein person med arbeidsleiaroppgåver - Leggje til rette slik at BPA-ordninga blir skreddarsydd rundt behova til vedtaksh...