JAG Assistanse søkjer assistenter og tilkallingsvikarar for ung dame i Volda
JAG Assistanse AS · Volda, Møre Og Romsdal, NO
Eg er ei ung dame på 30 år som søkjer etter fleire personlege assistentar og tilkallingsvikarar. Eg er ei sjølvstendig dame som treng engasjerte og flinke pe...
Job description
Eg er ei ung dame på 30 år som søkjer etter fleire personlege assistentar og tilkallingsvikarar. Eg er ei sjølvstendig dame som treng engasjerte og flinke personar som likar å ta ansvar og følge opp både praktiske og personlege oppgåver. Eg bur i eigen bustad og assistansen vil vere i og utanfor heimen. Eg er på jobb på dagtid. Eg er ei aktiv dame som likar å vere i aktivitet. Turgåing i nærområdet, men også fjellturar er noko eg likar veldig godt. Eg likar og å besøke vennar, pc/mobil, spele kort/brettspel. Det er fint om du delar nokon av desse interessene med meg. Eg har epilepsi og treng tilsyn og tryggheit i kvardagen, i tillegg til at eg også treng rolege stundar. 2 ledige stillingar: - Assistent inntil 50 prosent - Tilkallingsvikar og sommarvikar Arbeidstider: - Kl.15.00-22.00 - Kl.22.00-08.15 på kvardagar og22.00-08.00 i helger (kvilande nattevakter) - Kl.08.00-22.00 (langvakter laurdag og søndag) Personlige egenskaper: - Engasjert og ansvarsfull Krav i stillingen: - Plettfri vandel/politiattest - Gode norskkunnskapar - Du treng inga formell utdanning, då opplæring vil verte gitt. Som personleg assistent i JAG utgjer du en forskjell kvar dag. Å vere personleg eigna er derfo...